Syver Dalen frå Folldal kom til Randmælsøya med familien etter 1893, og de bodde i der til han døde i 1904. Han var gift med Ingrid Bårdsdatter Dalen frå Folldal. Kona til Syver og kona til Ben var søsken.
Syver var finsnekker og drev mellom anna innreiingsarbeid. Mest kjent var han som en framifrå dyktig spellmann, og han gikk under navnet Syver 'pi Øyen eller Syver Randmælsøyen. Kona hans døde av svangerskapsforgiftning på Glitre sanatorium i Hakadal i 1897. Mor til Syver flytta da nedover frå Folldal og stelte for barna.
Syver døde av tuberkulose i 1904, og barna vart da satt bort.
Ragnhild kom på Nymoen, Ingrid på Gammelstuhaugen, mens Ola først kom til Folldal, og sia til Haldos. Frå konfirmasjonsalderen bodde han på Gammelstuhaugen.
Det bodde folk i Randmælsøya utover på 1900-tallet. I dag er husa borte, men tuftene er framleis synlige. Da Randmæl vart delt i 1928, kom Randmælsøya under Randmæl Øvregård.
248